Thursday, February 16, 2017

Web of Science kjøpt opp av kinesiske investorar, Saudi Arabia donerar til eliteuniversiteter, Trump fjernar klimainformasjon.

Dette er beskjeden når ein går inn på Incite:
"Intellectual Property & Science is now known as Clarivate Analytics, and is no longer part of Thomson Reuters »"
Kina inntok talarstolen på World Economic Forum for fyrste gong i år, og overtok leiartrøya for frihandel etter USA, Trump møtte ikkje. Kina er i ferd med å ta over leiartrøya for opphavsrett, og med fjordårets oppkjøp av Web of Science så er dei truleg i ferd med å ta leiartrøya for vitskap også. Domenico Fiormonte og Ernesto Priego skreiv om dette oppkjøpet i The Winnower med tittelen "Knowledge Monopolies and Global Academic Publishing".


According to the Reuters news agency and the Wall Street Journal, on Monday 11 July 2016 Thomson Reuters Corp. announced it had agreed to sell its intellectual property and science business (including Web of Science) to private-equity funds affiliated with Onex Corp. and Baring Private Equity Asia for $3.55 billion in cash
What is interesting to notice is that BPEA is a firm established in 1997 in Singapore that operates with companies based mainly in China or Chinese-speaking areas.




Så det nye selskape bak Endnote (sjå eigarar) og Web of Science er no Clarivate Analytics og eigarane er BPEA, som er ei gruppe med kinesiske investorar. Det betyr kanskje at når ein har samarbeidsgrupper i Endnote Web, så kan kinesiske styresmakter fylgje med på alt av litteratur som ein legg inn i programmet. Også dei som ikkje brukar Endnote Web kan sikkert verte ransaka i det stille av kinesiske styresmakter via bakdører i Endnote.




Web of Science vart brukt veldig ukritisk til å evaluere forskarar i mesteparten av verda då det kanadiske selskapet Thomson Reuters eigde det. Vil tilliten til denne databasen rokkast ved at kinesiske styresmakter får meir kontroll på det? Når ein ser korleis alvorleg kritkk mot impact factor prellar av, så tvilar eg på det.


Web of Science sin propretiære Impact factor som vert brukt for å måle og vege forskarar om dei fortener stillingar og forskningsprosjekter er faktisk ikkje mogleg å ettergå empirisk. Det er så vidt eg veit også Web of Science som vel ut kva slags tidsskrifter som fortener å vere med i dette eksklusive selskapet, og det kan gje mulegheiter for å sile ut "plagsomme" tidsskrifter som skriv mykje om Taiwan eller Tibet, og dei sit også på løynde algoritmer som eg tvilar på at nokon kan kontrollere.


Dei kan berre seie at kvaliteten er for dårleg til at det får vere med i det gode selskap, og forskarar flest henger seg ikkje opp i detaljar som dei ikkje kjenner eller interesserar seg for. Og prisen må kanskje forskarar som er kritiske til Kinesiske styresmakter betale i form av arbeidsløyse.




I Noreg så har dei fleste fagbiblioteka start med å bruke biblioteksystemet Alma/Oria som er drive av den israelske Ex Libris Group, som igjen er eigd av amerikanske Proquest som har hovudkontoret sitt 31 minutters køyretur frå CIA sitt NSA hovudkvarter i Maryland USA. Brukarinformasjon frå norske biblioteksbrukarar flyt fritt og ubemerka, via bakdører i programvare, over landegrensene til Israel og USA trur eg ein trygt kan fastslå.






Det er påstått at Saudi-Arabia donerar enorme summar til amerikanske og britiske universiteter. Kva som er fakta er kanskje ikkje så lett å anslå, men det er nok verd å gå etter i saumane. Saudi Arabia veit at forskarar til alle tider har "‘sing the prince’s tune when taking the prince’s coin’" som James Porter skriv i bokmeldinga "Markets Bad, Academia Good? Review of Philip Mirowski's Science Mart". Wikileaks har vist at Saudi Arabia har brukt store ressursar på arabiske og vestlege medier, men at dei kjøpar seg plass hos universitetene var nytt for meg.


As a matter of fact, the scale of the donations is far beyond a handful, the universities involved are among the top academies in the world, the money involved is hundreds of billions of dollars, and the targets of Islamic finance are, for the most part, specific and form part of a distinct agenda. Some money may be given to business schools or science departments, but the overwhelming majority goes to support or create large departments and academic centers for Middle East, Islamic, or Arabic Studies. 




Trump har overteke som leiar i USA. Amerikanerane må no godta at dei reglane for overvaking under Obama også gjeld for Trump. Forskarane som har vore lite nøye med å gjere seg uavhengige av politikarane ser no at Trump fjernar offentleg informasjon om klimaendringar, og hackarar og bibliotekarar har jobba døgnet rundt den siste tida for å redde datasett og informasjon om klimaendringar.


Forskarane har droppa å krevje "Open Lock" i fleire av dei arkiva som dei sender artiklane inn i. SSRN.com vart kjøpt opp av Elsevier, og Elsevier starta med utrenskningar av ulovleg opplasta innhald. Men det skumlaste er at dei fekk kontrollen på dataene om dataene. I bloggposten "It’s the Data, Stupid: What Elsevier’s purchase of SSRN also means" så skriv den etter min oppfatning svært dyktige Christopher M. Kelty frå University of California, Los Angeles om dei harde fakta som foregår under radaren for dei fleste innan forskningspolitikk: Det handlar om data, ikkje innhald. Content er ikkje kongen lenger slik det var med plateselskaper og forlag i gamle dagar. No er det Amazon som bestemmer prisen, og Google som veit kva folk les og søkjer etter, og Facebook som styrar mediene meir og meir. Trump og Elon Musk twitrar, dei held ikkje pressekonferanser så mykje lenger. Elsevier har også kjøpt opp andre store brukarbaser som Mendeley.


Det finst mange grader av "Astroturfing", men det er eit fenomen som har funnes til alle tider, og som er utbreidd. Astroturfing er når kommersielle krefter utgjer seg for å vere drive av fattige grasrotorganisasjonar. Det er mykje av det i akademia og akademikarar er nok like lettlurte som dei fleste andre grupper. Når ein ser kor lettlurte akademia er på "Astroturfing", og ser kor lite akademia bryr seg når dei vert merksame på kva som føregår så framstår ikkje akademia som noko kritisk vaktbikkje akkurat. Academia.Edu er eit namn som truleg fører folk på villspor. Det rette namnet ville kanskje vore "Business-Academia.com". Ethan Gruber skriv i bloggposten "Open Access, Academia.edu, and why I’m all-in on Zenodo.org" :
On the surface, this seems great for scholars. And it was good in the beginning, but this has changed over the last year. Despite its domain name, Academia.edu is a commercial venture. It is beholden to investors, not the scholarly community it serves, nor universities, governments, or taxpayers.
Mange akademiske nett-tenester gir inntrykk av at dei er på dei gode si side, men det dei ikkje nemner er at dersom folk kjem med pengar, så kan dei skifte side over natta. Sist ute var Authorea som posta litt reklame i tråden "[open-science] A new collaborative editor for open science". Dei fekk svar tilbake frå ringreven frå Cambridge, Peter Murray Rust, og Alexandre Hannud Abdo som svarte godt med å trekkje inn den suksessrike GPL-lisensen, og han kritiserar Github og Authorea for å ikkje halde krava til openheit:


Being strict on the interfaces that let our work scale - that ultimately
empowers even someone completely disconnected from working together - is
actually the main thing that prevents our energy from being diverted in
ways that promote no change. Those interfaces are the licenses, standards
and participatory culture that define open.

What I recall is how all of FOSS thrived because of this strictness. By
remaining strict even as Microsoft took over the world in the 80's, we came
to see real change and, community wise, we even came to see "the
impossible" which has been the 'open source' and the 'free software' folks
to a large extent coming back together. All fo this thanks to remaining
strict on those interfaces. It is not by accident that the GPL was called
the constitution of FLOSS.

Would anyone say that devoting respect to a constitution is like following
religious dogma?

The story is similar with Wikimedia, it's growth and influence over several
institutions depends solidly on the rigour of these interfaces.


Dette kan frå utsida verke som akademisk flisespikkeri og religiøst prat, men det er faktisk beinharde forretningsrealitetar og kan vere heilt avgjerande for utviklinga av uavhengige tenester som Wikipedia, Linux, open vitskap osb. Det har vel historia i stor grad stadfesta også. Denne "Open Lock" som forhindrar at ei grasrotrørsle kan verte kjøpt opp var ikkje til stades i SSRN.com, og dei vart kjøpt opp av Elsevier. Holzbrinck kjøpte opp Writelatex og døypte den til Overleaf.


Denne "Open Lock" er viktig på grunn av to ting: Uavhengigheit frå politikarane, som Trump eller noko endå verre i framtida, framande makter som Saudi-Arabia eller Kina med stadig meir velfylte pengesekkar, kommersielle krefter som til sjuande og siste styrast med eitt mål for auga som er profitt. Dette poenget ser det ut til at National Institute of Health har fått med seg, og det nye foreslåtte arkivet til NIH fastslår at dei skal styrast uavhengig og av akademikarar.




"The CS must have an independent governance structure."

Open Science Framework har "Open Lock" prinsippet i grunnen for sine aktivitetar ser det ut til. Dei er non-profit, mission driven, community-based, og har i sin strategiske plan nøye tenkt ut korleis dei skal halde på avhengigheita. Sjå under avsnittet med overskrifta "Making trust irrelevant":


6. If COS starts to be concerned about its own survival, then it will start making decisions that are for the good of COS rather than for the good of science.  COS will develop a process to maximize the extent to which decision-making is guided by scientific ideals rather than what is in the best interest of COS.

 Målet med open science framework er å gjere akademia så vitskapeleg som mogleg, for som redaktøren av Lancet skriv:
The case against science is straightforward: much of thescientifi c literature, perhaps half, may simply be untrue.
Det føreligg store mengder med empiriske studier, som er etterettelege, og som påpeikar grove feil som har ført til feil konklusjonar, og som svært ofte ikkje vert retta opp. I svært mange fagfelt, kanskje alle, og på høgaste nivå i akademia. Statsvitaren og statistikaren Andrew Gelman har vore med å dokumentert dette med ei historisk tidslinje. Stikkprøver av artiklar frå dei beste tidsskrifta i psykologi visar at mesteparten av artiklane er usanne.


Biologar veit at mennesket er eit dyr som er opportunistiske frå naturen si side og vil alltid finne ein veg rundt stengsler. Demokratiet, maktfordelingsprinsippet, lovar, normer, og vitskapen sjølv, er vel også sikkert ein del av biologien vår, fordi me er medvitne og veit korleis me kan styre oss som gruppe. Demokrati og vitskap er likevel kunstige konstruksjonar som går imot andre delar av menneskenaturen, som me må finne nye måtar på å stogge heile tida. Open vitskap er kanskje svaret akkurat no på å unngå at vitskapen vert korrumpert av indre og ytre krefter. Om femti år så har sikkert  menneskenaturen funne ein måte å korrumpert open vitskap på også. Dei seier at kvar generasjon må kjempe sin kamp for demokratiet, det gjeld nok vitskapen også tenkjer eg.








 



























No comments:

Post a Comment